Hei! Eller Shalom som ein ofte seier her!

Mitt navn er Emly og eg er ein av to volontører som bur i Jerusalem. Solveig er nummer to. Akkurat no sitter vi på altanen i Jerusalem i karantene dag 5 av ca 10. Nærmere French Hill området. På ein smålig skyet himmel skinner sola klart og varmt. Solveig som alltid velger å jobbe med fargen og SK2022 mens, min bleike standard norske hud foretrekker skyggen. Ja ho er også norsk, men minus eit par år i misjons feltet kan ein jo stille spørsmål ved nasjonalitet hennar.

Litt om oss

Men tilbake til starten! Vi er to jenter(kvinner) i alderen 25 år. Og vi skal snart feire vårt 10års jubileum som venner. Men eg skal ikkje ta heile den historia no, og eg må bare beklage på førehand vist vi kjekklar som eit gift par i framtidige innlegg. Slik blir det ofte med single kvinner(jenter) som har kjent kvarandre så lenge, og budd saman i halvparten av eit tiår Litt smått om oss er at Solveig er stolt bergenser tanzanianer med røtter i Nordfjord. Og det er av den litte rota til Solveig at eg som er mest sunnfjording (og ved Guds gode nåde) kan respektere Solveig som min like. Vi kan være like sta som esle begge to så ein kan jo sjå for seg dynamikken, men vi har lært å gå på kompromiss(altså Solveig legger seg flat fordi, min stolthet ikkje takler nederlag).

Ellers ser vi på oss sjølve som veldig likande og kjekke jenter(kvinner), som ikkje klare å bestemme seg for om vi er modne nokk til å være kvinner eller for barnslige til å forbli jenter for godt. Men det er også eit heilt anna tema.

Forberedelse

Så tilbake til grunnen til dette blogginnlegget. Som alle veit har også dette året vert prega av Covid, og sjølv om Norge har endelig åpna opp igjen er det ikkje slik i resten av verda. Det tokk oss omtrent 4 månader med å fylle ut søknader av ulikt slag fram til vi endelige fekk klar signal på at no var alt i orden og turen ned til det lovede land skulle begynne.
Det tokk ein del tid pga covid situajsonen her i Israel. Då ein rekke kontorer har vert stengt og på ein generel basis har samfunnet her vert relativt lukka. God nyheiten er at det er på vei til å bli åpna igjen og det krysser vi fingrer og tær for.

Så sjølv om vi viste at vi skulle reise tokk det oss begge ca ein til to månder i gjennomsnitt å få pakke koffertane. Då reisen nærma seg reiste eg heime frå Sunnfjord ein tordagskveld for å ha siste natta i Norge hos Solveig. Kun av praktiske årsaker altså, då ho bur i Bergen, som vi skulle ta fly frå dagen etter. Men før vi kunne legge oss måtte Solveig legger over eit par kilo frå sine kofferta over i mine då ho som vanleg pakker med seg alt for mykje, og eg som vanleg pakker sparsomt. Så med å ha pressa kiloane til bristepunkte for begge to kunne vi legge oss og nyte dei siste timane i kaldt haust vere.

Reisen

Fredagsmorgen sto vi opp på eit behagelig tidpunkt kl 7, eg sov vidare då vi ikkje skulle kjøre før kl 9. Så ein rolig frukost med Solveig og den flotte mor henna Aase. Som var så utrulig omsorgsfull å kjørte oss til flyplassen etterpå. Og som gode reisande møtte vi opp i god tid før flyet for. 3 tima ca. Men det viste seg at Lufthansa har ikkje tenkt til å være tidlig med noko så då vart det 1 time vente i feil check in kø. Men, men alt kan ikkje gå på skinner. Vi fekk vertfall surra oss gjennom taxfree, der eg som alltid må dra med meg Solveig gjennom, vist ikkje hadde vi ikkje reist før 2022, då ho skal sjå på alle dei ulike parfymene, leppestifter, augeskygge, rush og det eine og andre. Og alle som kjenner Solveig veit at ho ikkje klare seg så godt uten det viktigaste i livet etter bibelen sjølvsag, nemlig fuktighets kremer. Det skal nemnast at dei som regel er produsert i Israel så prioriteringa er jo i det minste på rett plass(til ein grad). Eg er nøgd med ein påse sjokolade nøtter, då er eg lykkelig fram til påsen er tom. Som ikkje tar så lange tid, men ein skal ikke ta sorger på forskudd.

Etter å ha dreve dank på Frankfurt flyplass, altså Emly (eg) sitter og nyter tidenes Pretzel og Solveig joggandes rundt for å få sine daglige 10 000 skritt i 2 1/2 time kan vi endelig gå til borading. Utenom ein liten hick up, med å fylle innreise skjema på nytt rakk vi flyet med god margin. Og endelig er siste innspurt til Israel i gong. Etter 3 1/2 time skimter vi i horistonten lysa av Tel aviv, og vi kjenner glede av å skulle få bu i dette landet dei neste månane. Flyet lander og vi gleder oss stort. Vi går inn på flyplassen og det er varmt. Alt for varmt for meg med bukse genser og jakke på, og ikkje nokk varmt, for Solveig som traver i vei for å ikkje somle eit sekund for å få oss ut av flyplassen.

Og eg må bare sei aldri aldri aldri reis til eit varm land med ein bag som veg 23 kilo, og ein koffert som veg 23 kilo og som ikkje har eit fungerande håndtak. Tilfellet er det at dette må eg bære frå bagasje hallen til test-stasjonen. For vi må ta ein covid-test for å komme oss vidare. Og ja eg skryter over at eg er overgjennomsnittet trent (ja eg er litt høg på meg sjølv der). Men etter ein lang reise og eit varmt land kan eg ikkje noko for at svetten renner og renner. At eg ikkje vart stoppa og spurt om eg følte meg fin skjønner eg ikkje. Men Israelitter må vel ha sans for humor når dei ser ei svett lita bleik, blåaug, blond jente komme drassande med alt for tung ikkje fungerane bagasje… jaja. Mamma har oppdratt meg sjølv til å ikkje være for høgtidleg så gleda var på mi side, vist dei fekk seg ein latter av synet.

Ankomst og Jerusalem

Vi kom oss vertfall ut og helst på våre første Israel venner. Elisabeth Levy, ektemannen Juda og dattera Moriah. Dei var også så omtenksame at dei kjørte oss frå Ben Gurion til Leiligheten her i Jerusalem. Vi kom til inn handla mat og vaska rom. Og ein ganske så stor leilighet og ein nesten endå større terasse. Det er 5 soverom, 2 bad, 1 stort kjøkken, 1 stor ståve og eit vaskerom og ein stor terassen med utsikt over French Hill, ein arabsik landsby som fyrer opp fyrverkeri i ny og ne(dei har vel ofte bryllup der bort), har 5 bønne rop om dagen på høgtaler som vi hører relativt godt. Og på klare dager eller på kvelden ser vi bort på Jordan og ned til Dødehavet. Så ein kan jo sjå for seg plassen vi har her. Lever vi godt? Ja, ja det gjer vi så absolutt!

Og her er vi fortsatt då vi venter på å kunne få reise og teste oss og endelig sleppe ut av isolasjonen. Vi får faktisk 10 000 skritt kvar dag og litt trening inni blobbla vår. Hadde vi ikkje det kunne vi kanskje gått i tottane på kvarandre, men vi lever begge to så langt. Men takker på førehand for all bønn du som leser kan gi oss! Ønsk oss lykke til, då vi snart skal få sleppe ut i Jerusalemsgater og ønsk Jerusalem lykke til som skal ha oss tøtter vandre rundet her nei neste månane!

Til du høyrer frå oss igjen,

Guds fred til deg!

  1. Rigmor
    okt 14, 2021

    Så spennande 👏😊

    Svar
  2. Atle
    okt 20, 2021

    Kjempe spennade å lese Emly :), fortsatt ha ein godt opphold.
    Klem Atle <3.

    Svar
  3. Oddfrid
    okt 21, 2021

    Jillt å lese- lykke til!

    Svar