Shuken- Marked

Shalom Bloggen! Erev Tov! (god kveld). 

Emly her som skal oppdatere dåke på vår eksistens i Jerusalem! Så langt lever vi i sus og dus! Har hatt godt og varmt vær heilt fram til for to daga sia. Då datt temperaturen på kvelden ned til heile 14 grader. Dagtid i Sola er fortsatt varmt. Men vi klager ikkje, neida. 

Vi har også siste dagen opplevd Hamsin- Som er ørken vind. Høyrest veldi eksotisk ut, men det ser for det meste bare overskya og dis aktig ut, og ein blir så vidt litt tørr i munnen av å gå ute, men det variere nokk i kva styrke den har. No biggi. 

Tilvenning

Etter 6 veker begynner vi å lande litt og nærmer oss ein ny normal kvardag. Det tar litt tid å bli vant og kjent med eit nytt folk, kultur, norm og ulike religionar. Vi kjenner på at rutiner kjem på plass og kvardagen har fått ein rytme. 

Så kva er nytt her? For oss, stort sett alt. Og alle kulturar har noko positivt og negativt med seg. Vi skal derfor ikkje fokusere på at her er det ikkje “Fyrst av så På” kollektivtransporten, men “Først på! og er du heldig å kommer deg av bussen på riktig stopp er jo det ein bonus”.
Så spørsmålet blir då, er vi sendt her for å kontakte Ministeren for Kollektivtransport og fortelle om det revolusjonerende budskapet som ein har i Noreg? “Først av, så på”. Eller skal vi integrere oss og følge resten av kulturen her? Er det mogleg for to veloppdratte norske søte jenter å nokon gong presse seg på bussen, før bestemor på 70 har komt seg av? Bare tida vil vise, stay tuned. Så får du sjå om du ser noko endring i korleis vi ter oss;) 

Tut Guide

Men vi skal passe oss for å ikke bli for besatt av kollektivtransporten her eller trafikken generelt! Fordi her er det lika naturleg å tute som det e å puste luft. Noken vil nesten påstå at ein gjennomsnittlig midtøsten mann og kvinne bruker 10% av årsinntekta si på batteri til bil fløyta, pga. så hurtig bruk. Den noken er meg! Ikkje spør etter kilder, eller om det er eit eige batteri til tuten! 

Så ein tut (lydhorn bruk) her i Jerusalem kan bety så mangt. Du kan sei hei til kjente, i trafikken, hei til ukjente. Du kan sei hei her er eg ikkje kjør på meg. Eller flytt deg her kjem eg. Eller ka e galt med deg, flytt deg. Ja det e så mangt. Så her er ein liten tut guide til alle dåke som ønsker å noken gong kjøre her. 

Observation Mt.
  1. Kort tut (1 sek) – Hei! (Få oppmerksomheit)– Eks:”Hei du kjører snart utfor veien, følg med.” 
  2. Lengre kort tut (2-3 sek) – Hei du følg med! (Du er treig, følger ikkje med).
  3. Lang tut (10-120 sek) – Her er eg, sjå på meg! — Flytt dåke eg er på vei og kongen av veien– Du iritere meg/ kjører dårlig men har ikkje brutt loven men det bryr eg meg ikkje om og det vil eg du skal vite. 
  4. To korte (1 sek kvar) etterfulgt av eit “Hey” – Brukes blant bekjente. 
  5. To til tre korte, etterfulgt av roping/brøling – Brukes blandt gode venner.
  6. To til tre korte, etterfulgt av plystring eller kysse lyder- Brukes for å få kontakt med motsatt kjønn på ein flørtete måte. 
  7. To lange – Du kjørte nesten på meg! Kom deg vekk frå trafikken din galning!
  8. Lang hard tut kan også bety flytt deg ditt naut! 
  9. Er det bussen eller Bybana som tuter betyr det ofte at mjuketrafikantar må komme seg bort frå vegen eller skinnene så fort som svint, vist ikkje blir det bråk og bot. 

Fordi vi ikkje kan Hebraisk endå, kan det være mindre feil i oversettelse. Men vi erfarer at punkt 6 ofte blir brukt, og det gir oss grunn til å gje den ein viss troverdighet i forskinga vår. Har vi fått kultur sjokk? ja kanskje litt!

Noke annet enn trafikken 

Mykje av det vi ser rundt oss her er fortsatt nytt, og dermed spennande i våre auger. Så ofte etter å ha vert på jobb finner vi på ulike saker og ting! Her har vi ei liste på topp 10 ting som vi liker å gjøre her : 

Ein av tusen ganger i gamlebyen!
  1. Gå på Shuk Machane Yehuda (Tjukken som vi kaller den), og handle for oss, eksotiske frukter og ulike typer mat, krydder, godteri, søtsaker eller andre ting. Du finner det meste der! https://goo.gl/maps/NqoD6vLSE6EUD2Hz5 
  2. Vandre rundt i Gamlebyen! Og prøver å prute på ting som vi absolutt ikkje treng. Finne ulike kirker, og prøve å lære noke om historien frå den.
  3. Gå på Ulike museer- “One can not simply live in Jerusalem and not read up on the history”- Unkown (emly). Anbefale Israel Museum (så langt det einaste vi har vert på. Takker for forslag, i kommentarfeltet.) https://g.page/TheIsraelMuseumJerusalem?share 
  4. Smålig øve på Hebraisk, kan små ord og snart alfabetet. Det viktigaste ordet på Hebraisk å kunne er “Balagan” som betyr, for eit rot eller på engelsk Messy. 
  5. Besøke ulike Kirker for å finne vår åndeleg heim her. Besøkt så langt Den danske Kirke og Christ Church. 
  6. Flyte litt rundt i dødehavet på Kalya beach ein 35 min kjøretur frå oss. https://goo.gl/maps/uJVV1ad9YM5oa39M8 
  7. Vandre rundt og oppdage nye deler av Jerusalem. Plasser å ete hummus, falafel og shawarma! 
  8. Vandre rundt i German Colonies for å finne god mat, matsjapper, Trainpark og nydelige skåler i Israel stil! 
  9. Lunsje pita, hummus, fries, cola zero på eit usiktspunkt i nabolaget French Hill https://goo.gl/maps/NE1ATHi7fsR1p4bS7 
  10. Lage middag og sjå Farmen, Jakten på Kjærligheten og alle andre norske program vi får tak i! 

PS: Det er veldig fint å Jogge rundt om i vårt område French Hill, men det kan være lurt å lese seg opp på førehand kva nabolag utfor French Hill ein ikkje blir sett stygt på vist ein jogger der. Ikke alle turist mål er det lika lure å jogge til! Men ein lærer så lenge ein lever. Derav erfaring med punkt 6 frå tute guiden.

Eit nytt familie medlem

Og så må eg kanskje nevne at vi har fått ein ny Volontør i leiligheten her i Jerusalem. Anna heiter ho. Ei veldig søt sveitsisk dansk jente på 20 år. Ho er sendt via den Danske Israels misjon. Så langt kjem vi godt overens. Min einaste frykt er at ho skal bli livredd kjeklinga til meg og Solveig. Så vi må kanskje tone den litt ned. Men eg skal sei frå til Solveig at ho må te seg fint framover, så går det nokk veldig fint. 

Takk for meg!

Guds velsignelse over deg til neste gong.