
Mørketid og minusgrader i Harstad har blitt bytta ut med sol og varmegrader i Haifa. I fjor på denne tida ante eg ingenting om at eg ville befinna meg i «det lovede land» denne jula og dette året, men det er jo det som er så spanande med dette livet. Kalenderen viser snart desember, men det er ingenting som tyder på at det nærmer seg vinter her. Eller, dei lokale har lenge sagt at høsten har kome og at det nærmer seg «vinter», men når yr.no fortsatt melder over 20 grader på langtidsvarselet, føles det likevel som ein av dei strålande sommardagane eg opplevde i nord. Dagane blir kortare, allereie klokka 16:30 går sola ned, så det er vel det som er beviset på kva for nokre månadar me er i.
Ny kultur
Det tek alltid litt tid å tilvenna seg ein ny kultur. No er det fem år sidan sist eg var ein «outsider» på ein ny stad. Harstadværingane såg på meg som ein «søring» (og det stemte jo) og eg måtte overbevisa dei om at eg ikkje hadde tenkt å dra med det første. Det første spørsmålet dei stilte, var som regel «kor lenge blir du?» Dei er vant med søringar som kjem og går, og investerer ikkje nødvendigvis mykje tid og krefter i å bli kjent med folk som likevel skal flytta etter kort tid. Elevane som eg var lærar for, lurte på kva for eit land eg kom i frå og spurte kvifor eg hadde flytta til Noreg. Etter ei lita stund i Nord-Noreg, var det ikkje vanskeleg å vera begeistra for denne landsdelen og eg la min elsk både på folk og natur der nord. På mange måtar kan starten i nord samanliknast med starten her i Israel.
Her i Haifa, er dei nemleg òg vant med at volontørar og arbeidarar kjem og går, og det tek nok difor litt ekstra tid å koma på «innsida». Når ein først kjem der, trur eg at ein fort kan få gode, djupe venskap. Her får eg vera ein del av ein messiansk menighet, der dei feirer shabbat kvar lørdags morgon/føremidag (alt etter kven du spør). No i coronatida er det to gudstjenester, då det er så mange at dei må delast i to. På kvar samling er det opp mot 100 personar i alle aldrar. Det er inspirerande å sjå og høyra at den messianske bevegelsen veks, altså at fleire og fleire begynner å tru på Jesus som Messias.
First:Israel bibelskule
I Harstad jobba eg på ein barneskule, men her i Israel skal eg vera lærar i ei litt anna setting. Her får eg vera med å vidareutvikla First:Israel, ein bibelskule som fokuserer på våre jødiske røtter, samt det å bli kjent med folk og land. Grupper frå ulike folkehøgskular og bibelskular blir invitert ned, og får bli betre kjent med våre jødiske trusrøtter gjennom undervisning, reising og møter med lokale israelarar.
Det er alltid spanande å gå inn i noko nytt. Både når det gjeld arbeidsoppgåver, nytt miljø og nye omgjevnadar. Visse tankar om korleis ting skal bli, har ein jo, men det er jammen ikkje alltid det blir slik ein tenkjer. Det blir ingen studentar før jul, då lsrael åpna for turistar litt for seint. Eigentleg skulle hausten ha vore ganske travel med to grupper som skulle vera her to månadar kvar. Likevel, håpet er at det fortsatt kan komma ned grupper etter jul. I mellomtida arbeider me vidare med førebuingar, relasjonsbygging og informasjonsarbeid. Dagane er både innhaldsrike og meiningsfulle, sjølv om det blei litt annleis enn eg hadde tenkt.
Eg gler meg over å få vera her dette året, og legg stadig meir min «elsk» på den nye kvardagen min her og det meiningsfulle arbeidet eg får vera ein del av.