Då er det allereie gått to veker sidan me feira nyttår, og 2022 er godt i gang.

Gjennom heile desember har Ben Gurion (ei av hovedgatene her i Haifa), vore fylt opp av folk og pynt! Restaurantane har vore overpynta med julekuler, lys, reinsdyr og oppblåsbare nisser. Det blir sagt at Haifa er ein av dei få byane i Israel som pynter til jul, så då tiltrekker byen seg mange folk.

Sjølve juledagane var volontørgjengen samla i Haifa, der alle flytta inn i samme leilighet for anledningen. Det var kos!

Det blei både julesokk, tv, julefrukost, juletregang, pakker, pakkeleik, jogging og julebad. Når det gjeld julebadet, var det ikkje akkurat like friskt som eit julebad i Noreg.  Med 21 grader i sjøen var det heller deilig! Julemiddagen, som i år blei kalkun, var så stor at den varte gjennom heile jula både til middag og lunsj.

1.juledag blei feira med møte i Beit Eliayhu, der me saman kunne feira den store julebodskapen om at Jesus er Messias for både jødane og for oss alle. Høgdepunktet var då Jesaja 9,6 «For et barn er oss født, en sønn er oss gitt. Herredømmet er på hans skulder, og han skal få navnet Under, Rådgiver, Veldig Gud, Evig Far, Fredsfyrste», vart lest opp på alle dei ulike språka som er representert i menigheten. Rundt 30 (!!) ulike språk blei denne profetien lest opp på!

Det var utruleg flott å få vera vitne til dette.

2.juledag var dagen for utflukt. Då dro me til Gan HaShlosha (Sachne) for å bada i det varme vatnet der. Omgjevnadane var heilt nydelege med både palmer og bitande fiskar (for dei som liker sånt).

Nyttår blei feira i Tel Aviv med volontørgjengen ++. Volontørane som held til i Tel Aviv hadde ordna med både fyrverkeri (is-fakkel/fyrverkeri) og nyttårskake, så det var stor stas å få gå inn i det nye året i lag på eit utsiktspunkt i Jaffa.

No er kvardagen godt i gang igjen! For min del innebærer det kontorarbeid, heimebesøk og litt praktisk arbeid. Koronaen herjer dessverre fortsatt, så arrangement blir avlyst og utsatt. Me lever i håpet om bedre tider og håper på at Bibelskulen First:Israel snart kan komma i gang!

Synnøve